page view image

MASKROS // SLUPPEN GRAFOKORDLAG

Maskros og Sluppen Grafokordlag inviterer til dobbelt plateslepp!

Informasjon
event image


MASKROS er ein trio med røter i norsk folkemusikk som spelar tradisjonsmusikk frå aust og vest, ispeidd eigne melodiar og impulsar frå dei siste 900 åra. Song og feler som einaste instrument skapar eit lyst og gjennomsiktig uttrykk. Dei vert inspirerte av naturlydar, korklangar, klassisk kammermusikk og poesi. Trioen har spelt saman sidan 2018 og kjem endelig ut med debutplata «Den vetla jento» i 2027. 

 

SLUPPEN GRAFOKORDLAG er eit alternativ folk-band, med eitt bein solid planta i tradisjonsmusikken frå Trøndelag og på Nordmøre, og eitt med tærne dyppa i alt frå grunge til visepopp. Bandet kombinerer slåttar, salmetonar, sjølvskriv og skråblikk i eit leikent uttrykk.

Musikarane har til saman bakgrunn frå jazz, folkemusikk, kyrkjemusikk og punkrock og byr på nye og nygamle låtar i kryssingspunkta mellom tradisjon og ein oppvekst i meir eller mindre urbane strok på seint 90-tal.


















riksscenen