HAUGE & MYHREN
Unge spelemenn gjev det gamle spelet nytt liv! Korleis spelte dei gamle spelemennene? Kva låttar spelte dei, kva var særmerkt med spelet, og korleis kan vi seia noko om det utan å ha lydfesta opptak av dei? Det er dette Hauge og Myhren brenn for å finne ut, og det er kvalitetane i det gamle spelet, skeiv tonalitet, frasering og ornamentikk dei søkjer etter og ynskjer å dele!
Kjetil Myhren (2005) frå Oslo, er nybakt A-klassespelemann og distriktsmusikar i Hallingdal. Hans største førebilete og tradisjonskjelder er Sevat Sataøen (1892-1962), Magne Myhren (1937-2014), Olav Vestenfor (1906-77) og Kristian Ørevollseie (1910-73). Alle desse fire er spelemenn som følger tradisjonslinene tilbake til storspelemennene Tor Grimsgard (1853-1934) på Nes og Ola A. Strand (1859-1945) ved Strandafjorden på Ål. Desse to storspelemennene har vore interessepunktet for Kjetil.
Syver Rolandsgard Hauge (2006) frå Vestre Slidre i Valdres er òg nybakt A-klassespelemann og for tida student i Oslo. Syver vaks opp berre eit steinkast frå garden Ringestad, der låttetradisjonane strekker seg over 250 år attende. Ingen av spelemennene frå Ringestad er lydfesta, men barnebarnet til den siste spelemannen frå Ringestad er godt dokumentert. Andris A. Dahle (1925-95) er slik ei av dei tre største kjeldene Syver har til Ringestadspelet. Dei to andre er Harald Fylken (1910-63) og Lars Bjerke (1905-78) frå Slidre som òg lærde av den siste spelemannen frå Ringestad, Ivar Ringestad (1870-1953).
Igjennom arkivgransking, munnlege beskrivingar, noteskrifter og fotografi (!) har Kjetil og Syver prøvd å førestille seg korleis spelet var for godt og vel hundre år sidan, og korleis dei sjølve ville forvalta dette. No har dei lyst til å vidareformidle funna sine frå arkivet med alle som vil høyre. Dei har tidlegare spelt i lag på Gorrlaus, Tuvas Blodklubb og på Sidesprang. I tillegg har dei fleire solokonsertar kvar i lomma. Så, om du vil høyre kva som skjer når ein fôrar opp ungar på låttemusikk og gjev dei fri tilgang på arkivopptak må du på konsert med desse to!