page view image

Gard og Elvina Kvintett

Informasjon
event image


Alvina & Gard debuterte med albumet «Tillflykten» i 2024, med eigenskriven musikk og nyskapande duospel på fele. No har duoen fått selskap av tre av Sveriges mest markante folkemusikarar – Mikael Marin, Petter Berndalen og Olof Misgeld – og denne powerkvintetten er aktuell med albumet «Cirrus». Feler med både nerve og trøkk, groovy basslinjer og lydhøyrt slagverk flettar seg inn i kvarandre og bryt ut i kraftfulle melodiar og mektige klangar.

Musikken i «Cirrus» fortel ein musikalsk fabel om lengt og grådigheit, i ei verd i endring der relasjonar blir sette på prøve. Til albumet høyrer med ei bok med poetiske illustrasjonar av kunstnaren Flora Wiederkehr, der bilete, tekst og musikk vev seg saman til eit eige kunstnarleg univers.






















riksscenen