Unni Boksasp + Treak
Treak er eit folkemusikalsk songprosjekt med fokus på trestemt og solistisk song, dels med følgje av langeleik og lyre. Det er eit mangfaldig repertoar av slåttetralling og viser som her får nytt liv gjennom landets beste folkesongarar. Musikken er henta frå songtradisjonen i Øystre Slidre der alle tre har røter, og er arrangert av utøvarane sjølve. Ingeborg Onstad er for tida på NMH og har motteke åtgaum for fleire prosjekt den siste tida, mellom anna duoen ho har saman med Elias Wallumrød. Ingrid Lingaas Fossum vart "Årets Folkemusiker 2025" for sitt virke på m.a. langeleik, og Marit Karlberg er vel kjend for dei fleste gjennom duoen Sudan Dudan!
Marit Karlberg - vokal, langeleik
Ingrid Lingaas Fossum - vokal, langeleik, lyre
Ingeborg Onstad - vokal, langeleik
Unni Boksasp Ensemble kjem endeleg med sin fjerde plate, 10 år etter den førre, titulert Første Snøen!
Det er som trioformat Unni og ensemblet opererer denne gong, både på innspeling og livespeling. Unni Boksasp har skrive alle songane på plata som er spelt inn "live" i låven. Tekstene er på nordmørsdialekt og bevegar seg mellom humor og alvor, kvardagsliv og store spørsmål. Her finst både burleske forteljingar, mørkare songar og materiale som hentar næring frå eldre folkemusikktradisjon. Folkemusikken ligg heile tida i botnen, men trioen brukar tradisjonen som eit utgangspunkt for å
skape noko eige. Musikken kan vere rå og svingande, stillferdig og nær, overraskande og leiken –
og ofte fleire ting på ein gong.
Unni Boksasp - vokal
Trygve Brøske - trøorgel, piano
Magne Vestrum - kontrabass